Hopp til innhold
-18%

Fjellkniven

Art.nr: 201004 Nøytral
*Ikke på lager*

899,-

1.099,-

Førpris 899,-
Førprisen er den laveste prisen vi har anvendt i minimum 30 dager før prisen ble markedsført som nedsatt
Gir 90 bonuspoeng til medlemmer ved kjøp

Informasjon

Sidan Helle starta i 1932 har det alltid vore ein Fjellkniven i vårt sortiment. Idèen bak kniven har alltid vore at det skal vere ein elegant kniv med røtter i norsk natur. Den moderne varianten legg vekt på enkel eleganse, med eit heiltreskaft i masurbjørk og eit høgpolert blad i trelagsstål.

Den enkle elegansen er kanskje grunnen til at Fjellkniven har vore ein av Helle sine største salssuksessar sidan den kom i 1994. Kniven er lett, og skaftet har eit klassisk, ergonomisk snitt i skandinavisk stil med ein liten fingerstopp fremst. Bladet er skinnande blankt og har skandinavisk sliping, noko som fører til at kniven er ein idèell følgesven på tur i fjellet.

I 2022 lanserte vi Fjellkniven i 12C27-stål − same design og kjensle, berre no med eitlags-stål i bladet. 

Valet mellom 12C27 og H3LS (laminert) kjem an på korleis du ønskjer å bruke kniven din. Sandvik 12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle. Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål. 

Kniven kjem i ei klassisk skandinavisk, cognac-farga lærslire. 

Produsent

Helle

 

Produktet er midlertidig utsolgt. Dersom du ønsker å motta en epost når vi får det inn på lager, kan du legge igjen epostadressen din i skjemaet under.

Informasjon

Sidan Helle starta i 1932 har det alltid vore ein Fjellkniven i vårt sortiment. Idèen bak kniven har alltid vore at det skal vere ein elegant kniv med røtter i norsk natur. Den moderne varianten legg vekt på enkel eleganse, med eit heiltreskaft i masurbjørk og eit høgpolert blad i trelagsstål.

Den enkle elegansen er kanskje grunnen til at Fjellkniven har vore ein av Helle sine største salssuksessar sidan den kom i 1994. Kniven er lett, og skaftet har eit klassisk, ergonomisk snitt i skandinavisk stil med ein liten fingerstopp fremst. Bladet er skinnande blankt og har skandinavisk sliping, noko som fører til at kniven er ein idèell følgesven på tur i fjellet.

I 2022 lanserte vi Fjellkniven i 12C27-stål − same design og kjensle, berre no med eitlags-stål i bladet. 

Valet mellom 12C27 og H3LS (laminert) kjem an på korleis du ønskjer å bruke kniven din. Sandvik 12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle. Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål. 

Kniven kjem i ei klassisk skandinavisk, cognac-farga lærslire. 

Produsent

Helle

 

  • vipps-orange.png
  • klarna-dark.png
  • postnord.png